Set You Free This Time singel av The Byrds frå albumet Turn! Turn! Turn! | ||
B-side |
It Won't Be Wrong | |
---|---|---|
Utgjeve | 10. januar 1966 | |
Innspelt | 16. september 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Folkrock, pop | |
Lengd | 2:49 | |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | Gene Clark | |
Låtskrivar(ar) | Gene Clark | |
Produsent | Terry Melcher | |
The Byrds-kronologi | ||
«Turn! Turn! Turn!» (1965) |
Set You Free This Time | «It Won't Be Wrong» (1966)
|
«Set You Free This Time» er ein song av det amerikanske folkerockbandet The Byrds, skreiven av bandmedlemmet Gene Clark. Han kom ut på albumet Turn! Turn! Turn! i desember 1965.[1][2] I følgje Clark vart songen skriven i løpet av eit par timar då dei var på turne i Storbritannia i 1965, ein kveld etter dei hadde vore i lag med Paul McCartney på klubben Scotch of St James i London.[3] Clark syng solovokal og spelar akustisk gitar og munnspel på songen.[4][5][3] «Set You Free This Time» omhandlar eit samlivsbrot og vendingane i vokalen til Clark og den ordrike teksten tyder på at han var inspirert av Bob Dylan.[6] Songen har òg ei vag countryrockkjensle.[7] Akkordprogresjonen er derimot utypisk for ein countrysong.
Singelen kom ut den 10. januar 1966.[8][9] Den selde derimot dårleg og nådde berre 79. plass på den amerikanske singellista.[8][9] Som følgje av dette byrja Columbia Records i Amerika å reklamere for B-sida i staden for, «It Won't Be Wrong», og singelen klatra etter kvart til 63. plass.[8][10] Etter ei melding i NME der dei sa at B-sida var betre enn «Set You Free This Time», så gjekk CBS Records så langt at dei gav ut singelen på ny med «It Won't Be Wrong» som A-sida.[2][11] Dette forvirra dei britiske radio-DJane som ikkje visste kva song dei skulle spele. Dette kan ha medverka til at singelen ikkje nådde singellista i Storbritannia.[11] I samband med den britiske utgjevinga filma BBC ein kort promofilm frå The Byrds.[9] Dagen då dei skulle filma skjedde det ein fysisk krangel mellom manageren Jim Dickson og rytmegitaristen David Crosby og sjølv om det vart filma noko, vart ikkje klippet sendt.[9][12]
Songen vart framført av bandet på enkelte amerikanske TV-show i 1966, men etter at Clark forlet bandet i mars 1966, slutta dei å spele han på konsertar.[13][14] Clark spelte ofte songen på sine solokonsertar.[15]